skilpaddesperm


vil gjerne avslutte innlegget med å unnskylde til ein person som følte seg støtt av diverse som vart skriven her. det var eigentleg ikkje meininga. kanskje denne kan få deg i betre humør, eller i alle fall til å trekkje på smilebåndet.
frisk som ein fisk
endeleg er eg nesten-frisk. det er stadiet før super-fantastisk-frisk. hurra, hurra. trur kanskje eg kan takke fantastisk fiskesuppe med hauk for denne framgangen. eller kanskje ikkje. eg vil i alle fall rette ein stor takk til radiohead og flight of the conchords for at dei har hjulpet meg gjennom denne tunge (les: kjedelege) tida på sofaen. i morgon skal eg vere heilt frisk, altså super-fantastisk-frisk. det blir så bra så bra. for å feire vil eg vise bilete av guiden vi hadde i dublin.

her er guiden da han song triste irske songar. det gjorde han ofte. av og til lukka han til og med augo medan han song. da fekk eg dessverre litt problem med å halde meg alvorleg.

og er her buksa til guiden. den hadde han forsøkt å lappe saman. det ser du altfor lite til i noreg. vi berre kaster buksene våre, vi. eller så kanskje vi berre er flinkare å sy, slik at ein ikkje ser at der ein gong var eit hull der. nok om det.
tilfeldigvis
eg liker veldig godt tilfeldigheiter og merkelege samantreff. det er nesten alltid morsamt og overraskande. slik som når du møter nokon i kjenner på eit fortau i belfast. eller når du og ein person draumer om kvarandre same natt. eller når du finn ut at venninna di også såg på kyssescena i aladdin om og om igjen da ho var lita. kun å sjå jafar og jasmine kysse fordi ho hadde så lyst å lære å kysse. heh.

ellers er eg ikkje så nøgd om dagen fordi eg har blitt sjuk. rakk ikkje å gjere noko særleg i volda først heller. det einaste eg har gjort utanfor huset i dag er å dra til legen. og det einaste eg gjorde i går var å ta ein liten tur opp til broren min som hadde låst seg sjølv ute av huset, for å så knuse det minste vindauget han fant, men så trengte han nokon som kunne klatre inn dette vindauget og låse opp døra frå innsida. jada, eg er ikkje heilt ubrukeleg sjølv om eg er sjuk.
derry






har vorte knokke
brukte gårsdagen på å reise frå dublin til volda. natt til i går klarte eg å snuble over den nesten nye kofferten min slik at den knakk. den har tiårs garanti og merket heiter titan. Det var litt sørgeleg, men dei teipa den saman på flyplassen så det gjekk greit. for å få meg til vigra måtte eg gjennom tre flyturar. først til københavn, så til oslo, så til ålesund. det høyres ganske kjedeleg ut, men mykje kan skje i lufta. ein kan til dømes setje fast ein tyggis i håret slik at flyvertinna må klippe det. ein kan spørre flyvertinna om når flyet landar og ho kan misforstå og tru at du bestilte «ein øl og ein whisky». og ein kan ha armplass-krig med sidemannen. ein er uansett forsikra å ha det kjekt om ein reiser saman med ingrid. spesielt om det er 1. april for da er ho enda meir gira på å lure folk enn til vanleg. og det er veldig gira.


snikbilete

dette er eit bilete eg tok av ein munk (faar ikkje til aa snu det. er frista til aa skulde paa at bilete er for gamalt, men det er nok berre mangel paa tekniske ferdigheiter og bjarte). fram til 70-talet brukte ikkje munkane i klosteret aa snakke samen, men dei kommuniserte ved hjelp av fingerteikn. dei maatte laere seg teikn for alt, og det vart sett paa som juks aa prove aa lage bokstavar (i staden for teikna) med fingrene. ein munk laerte oss korleis vi kan be folk om aa roe seg ned, og/eller dra til helvete, ved hjelp av fingerteikn. det kan vel kome til nytte.
no er vi paa eit hostell i galway, og i morgon reiser vi ut til oyene. det blir nok bra.
dublin
no løpar eg
dei siste dagane her på hylkje har eg vore svært fjern. i dag var eg så fjern at eg ikkje oppdaga at ein klassekamerat gjekk utan bukse. det gjorde han. han hadde riktignok surra seg inn i eit pledd. no har han tenkt å sy seg eit langt skjørt ut av dette pleddet. men nok om det, for no må eg faktisk pakke kofferten min. skriveklassa reiser til irland i morgon tidleg. romvenninna mi var ferdig med pakkinga for fleire dagar sidan. ho har til og med vegd bagasjen sin. 15 kilo. eg frykter at pakkinga mi kjem til å gå dårleg sidan eg ikkje er heilt med. kjem sikkert til å gløyme noko viktig. kanskje det hadde vore enklare å pakke dersom eg hadde gått rundt i pledd.
no sitt eg i senga mi, lytter til musikk, og les «den lykkelige prinsen». det er eit av stykka vi skal sjå på teater i irland. gler meg!
ni hao ma
det er under ein månad til frista for samordna opptak går ut, og eg veit framleis ikkje kva eg skal søkje. det einaste (eg trur) eg veit sikkert er at eg skal vere i bergen. kva eg skal gjere der er meir uklart. kanskje eg skal ta eit årsstudium i eit språk ved universitetet, eller studerer til å bli sosionom ved høgskulen. eller kanskje eg skal jobbe i barnehage fram til jul, og så reise vekk. da er jo òg mogelegheitane mange. eg kan til dømes reise rundt på cuba i sidevogna på ein motorsykkel. eller skalle meg og reise rundt i kina med ei anna skalla, som to buddistiske munker. og da kan jo språkkunnskapene våre endeleg kome til nytte. ja, moglegheitene er mange, og spanande.
wo hö chá
dagen i dag var litt annleis. eg droppa fantasy-undervisning med rolf til fordel for å drikke kaffi på vågen med ein eg ser altfor sjelden, og øl på brygga med ho som har noreg si nest finaste dialekt. bra dag med andre ord.
sakeleg:
kvalkadaver
hond med kvalkadaver
ein pakke lakris
før vinterferien var eg blakk. den type blakk der ein prøver å berre dra ut annan kvar helg, og der ein kun kjøper billige klede på sal. slik som denne kjolen frå lindex som eg kjøpte for 100 kroner.
no er eg skikkeleg blakk, den type blakk at eg eigentleg ikkje kan bruke penger på noko før irland-turen. ikkje klede på sal heller. da er det lurt å halde seg unna åsane storsenter. eurospar her på hylkje er også farleg. eg tok meg ein tur dit i dag. men eg kjøpte berre nokre eple. og kanskje ein pakke lakris.
ellers er hylkje mykje det same som før. fint å vere tilbake, men det må nevnast at det manglar fleire på skulen. ei heil klasse manglar, faktisk. det er litt rart. eg tenkte på tre av dei manglande under morgonsamlinga mi i går. eg hadde morgonsamling om cocorosie og spelte av to songar, og etterpå da folk klappa såg eg opp og tenkte at dei tre burde såtte på tredje rad og klappa slik teiknespråk-klapping.
ulysses
no kan ein vel undre på kva eg eigentleg har gjort i ferien sidan eg ikkje "fekk tida" til å lese denne herlege boka. eg var blant anna saman med lillebroren min. han er søt. han er så søt at han har laga denne under her.
i går
i går kveld hadde eg og (den fantastiske) storesøstra mi det kjekt med å diskutere norske ord og uttrykk. for om ein seier noko ofte nok legg ein fort merke til kor merkeleg det ein seier eigentleg er. slik som "i går". det er jo ganske rart å seie "i går" om dagen før. eller (er det ikkje)? og kva om ein moldensar skal seie at han går. i går.
på besøk med blånisse
eg elskar å ta tog, og togturen til sund var verkeleg fin (på tross av to knisene jenter som satt i stillevogna og prata høgt, og på tross av at mannestemma i høgtalaren påsto at det kom til å kome på 12 kontrollører, og eg hadde jo ikkje med studentbevis).
og sund viste seg å vere veldig fint. der var menneske eg kjente for 15 år sidan, menneske eg har kjent i 10 år, menneske eg har kjent dei siste åra og menneske eg vart kjent med i år. altså ei fin blanding.
her er ho som eg har kjent i 10 år. vi gjekk på tur i kulda. ho har kun på seg ein vått fordi ho måtte låne vekk den andre våtten til ein eller anna tulling som hadde gløymt våttene sine heime. ho smiler likevel, og ekstra nøgd vart ho da ho fant appelsinsjokolade på butikken. den vart med oss heim og delt over nokre kopper med te.
kompakt

i morgon skal eg stå opp tidlegtidleg for å rekke eit tog som skal ta med meg og eli til sund folkehøgskule. der skal vi ikkje besøke min tvilling, nei, men eli sin tvilling. og ikkje minst ingrid og john inge.